Oppdrag Visit FjordKysten AS

Anne Beate Ytreøy har jobba saman med oss under planlegging og gjennomføring av ein studietur med tema stormturisme til Canada.  Gjennom mange års erfaring med planlegging av studieturar blant anna til Canada var det naturleg for oss å søke hennar kompetanse. Anne Beate la opp eit interessant program med eit svært godt fagleg innhald. Turen blei ein suksess og Anne Beate sin kompetanse har vore gull verdt i arbeidet. 
 
Vi har også leigd inn Anne Beate som prosessleiar til oppstarten av ny strategiprosess for selskapet. Anne Beate gjorde ein glimrande jobb og styrte prosessane på ein profesjonell og kompetent måte. Vi jobbar gjerne med Anne Beate igjen.
 

Arrangementskoordinator Biblioteka i Vest

Anne Beate Ytreøy har vore tilsett i ein eittårig prosjektstilling som arrangementskoordinator ved Biblioteka i vest, som består av biblioteka i dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.  Anne Beate har i løpet av denne tida produsert ei handbok i arrangementsarbeid, inklusiv ei oversikt over aktuelle samarbeidspartar og kontaktpersonar,  og planlagt arrangement i dei fire biblioteka for våren og hausten 2015. Og ikkje minst har ho dradd i dei fleste trådane i samband med utvikling og produksjon av ei omfattande brosjyre for alle arrangement i dei fire biblioteka hausten 2015. Anne Beate har vore ein særs viktig ressursperson i Biblioteka i vest sin omstillingsprosess for å bli  meir profesjonelle arrangørar, både med omsyn til planlegging, gjennomføring og profilering av arrangement.