Arrangementskoordinator Biblioteka i Vest

Anne Beate Ytreøy har vore tilsett i ein eittårig prosjektstilling som arrangementskoordinator ved Biblioteka i vest, som består av biblioteka i dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Anne Beate har i løpet av denne tida produsert ei handbok i arrangementsarbeid, inklusiv ei oversikt over aktuelle samarbeidspartar og kontaktpersonar, og planlagt arrangement i dei fire biblioteka for våren og hausten 2015. Og ikkje minst har ho dradd i dei fleste trådane i samband med utvikling og produksjon av ei omfattande brosjyre for alle arrangement i dei fire biblioteka hausten 2015. Anne Beate har vore ein særs viktig ressursperson i Biblioteka i vest sin omstillingsprosess for å bli meir profesjonelle arrangørar, både med omsyn til planlegging, gjennomføring og profilering av arrangement.